Velkomen til Sandane og landsfinalen i volleyball for junior U19

Velkomen til Sandane og landsfinalen i volleyball for junior U19

Siste nytt:

  • Live-stream

    Her kan du sjå finalane live.

    NB! NY LINK DAME!!

    Følg finalane live!!
    Jenter: https://youtu.be/RB6_aDhqiiY
    KFUM Stavanger - KSK

    Gutar: http://youtu.be/vRj_Bfm5iUw
    Askim VBK - Austrått IL

    Les meir

  • Finaledag

    Askin mot Austrått i guteklassa,

    KFUM Stavanger mot KSK i jenteklassa.

    Sjå dagens kampar og tidspunkt ved å lese vidare...

     

    GUTAR
    75 13.-14.plass Hinna Volleyball - Gneist IL 09:00 Bane 06
    74 11.-12.plass Tønsberg VBK - Molde VBK 09:00 Bane 05t
    73 9.-10.plass Asker SK - KSK 10:15 Bane 06
    72 Kamp om 7.-8.plass Rossvoll VBK - Blindheim IL 11:30 Bane 06
    71 Kamp om 5.-6.plass Sotra VBK - KFUM Volda 10:15 Bane 05t
    70 Bronse Førde VBK - Dristug IL 11:30 Bane 05t
    69 Finale Askim VBK - Austrått IL 14:15 Bane 03t
    JENTER
    178 Sluttspillserie 13.-16.plass 5 Fjellhug/Vereide IL - Sarpsborg VBK 09:00 Bane 01t
    179 Sluttspillserie 13.-16.plass 6 Tambarskjelvar IL - Asker SK 10:15 Bane 01t
    6 11.-12.plass Sandved IL - Blindheim IL 09:00 Bane 03t
    5 9.-10.plass Koll IL - Tønsberg VBK 10:15 Bane 02
    4 Kamp om 7.-8.plass Rossvoll VBK - Lierne IL 11:30 Bane 02
    3 Kamp om 5.-6.plass Strand-Ulv IL - BK Tromsø 10:15 Bane 03t
    2 Bronse Austrått IL - Førde VBK 11:30 Bane 01t
    1 Finale KFUM Stavanger - KSK 12:45 Bane 03t

    Les meir

  • Dag 2

    Dag 2 er ferdig, og alt har gått svært bra. Mange velspelte kampar blant både jente- og gutelaga har resultert i ein dag med svært sjåverdig volleyball, på eit høgt nivå. Vi har fulgt nokre oppgjer spesielt, der lokaloppgjeret mellom arrangøren Fjellhug/Vereide og Tambarskjelvar IL i jenteklassa, samt semifinalen mellom Austrått og Dristug i guteklassa blei plukka ut som kampar vi fulgte tettast.

     

    ”TETT PÅ”.

     

    Lokaloppgjer mellom arrangøren Fjellhug/Vereide og Tambarskjelvar i jenteklassa.

     

    I utgangspunktet skulle dette vere ”rått parti”. Tambarskjelvar som er mangeårig medaljegrossist i NM mot arrangør-klubben, som er i sitt første NM med eit jentelag. Men, Tambarskjelvar (1999 – 2001 modellar) sin årgang er i likheit med Fjellhug/Vereide (1998 – 1999 modellar) ein relativt fersk gjeng i volleyballsamanheng.

    Første sett starta med ein 5 poengs leiing til Fj./V, før Tambar snudde til 14-9. Deretter følgde laga tett  opp til 22-20. Tambar. Henta heim settet  med 25-20.

    Andre settet starta med at Tambar tok ei tidleg leiing. Fj./V kom ajour på 6-6 og kom seg opp i ei 3-4 poengs leiing, som dei heldt settet ut 25 – 20 til Fj./V. Og dermed hadde begge laga vunne sitt første sett i turneringa.

    Tredje sett var tett heile vegen. Tambar leia 8-7 ved sidebytte og gjekk opp til 3 poengs leiing, før Fj./V snudde og vann 16-14.

    Tambar hadde håp om å vinne kampen, men totalt sett er dei fornøygde med kampen og turneringa så langt, fortel dei oss etter kampen. Fj./V si målsetting er å lære, ha det moro, samt å vise jentene kor stort det er å vere med i eit NM. Ambisjonen til Fj./V er å unngå sisteplass, det er neste års NM som er målet. Målet er å nærme oss dei betre laga. Fj./V synest det var kjekt å vere med på defileringa som deltakarar, og sjå det norske flagget under opningsseremonien. Dei tykte og det var kjekt å vinne sin første kamp, etter tre tap.

    (Sett inn bilde frå kampen her)

    Semifinale mellom Austrått – Dristug i guteklassa.

    Ein spennande kamp som Austrått drog i land med 2-1 –siger (25-22, 18-25 og 15-12). Vi snakka med trenaren til Austrått etter kampen, som fortel at han er svært godt nøgd med 1. og 3. sett, der både mottak og blokk fungerer svært godt og gir sjølvtillitt i laget. I 2. andre sett sleit dei med mottak. Målsettinga deira før turneringa var å nå semifinale, og no er dei finalen. Arrangementet er minst etter forventingane, hallen er perfekt, absolutt eitt av dei beste NM så langt. Han nemner dette med vertskap og oppvarmingsbaner spesielt som bra.

    Vi møtte på Lierne sitt jentelag i oppvarmingshallen, der dei fekk massasje og avslapping etter kvartfinalekampen sin. Dei var litt nede etter å ha tapt mot KSK, men virka likevel for å vere ved godt mot. Dei hadde tapt 23-25 i siste sett, og følte absolutt at dei var inne i kampen fram til dette. Elles kunne dei fortelje at dei var positivt overraska over arrangementet generelt. Dei vil framheve lunsjpakkane spesielt, som veldig bra og eit hyggeleg vertskap. Det fungerer godt å bu på ein skule i området (sjølv om ein fortrinsvis ønskte å bu på hotell) under opphaldet, det ligg sentralt plassert i høve hallen og andre fasilitetar, kan laget med 13 timars bussreise til Sandane fortelje. Meldinga til vertskapskommunen er klar; det er berre å begynne å bygge fleire hotell, så kan ein arrangere fleire store arrangement.

    image2

     

    Les meir

  • Resultat og kampoppsett....

    Resultat frå første dag og kampoppsett for laurdag finn du her

    Les meir

  • Flott start på NM

    U19 NM blei blåst i gang kl. 10.00, med innmarsj og talar frå den lokale arrangør. David Cox frå NVBF stod for den offisielle opninga. Kampane vart blåst i gong kl 11.00, med 6 kampar samstundes på same golvflate.

    Den Nye Trivselshallen på Sandane i Gloppen kommune, har vist seg som veleigna til arrangementet. 6 kampbaner og eigne oppvarmingsbaner i same bygg.

    Nokon glimt frå dagen...

    12783520_1571884999797512_7480335855979108532_o 12783699_1571885003130845_5151319613935602797_o 12829453_1571884899797522_3835771226230113551_o 12829115_1571884903130855_1119400555992592064_o 12778714_1571884826464196_805082916580238990_o 12771867_1571884823130863_4296602632752750235_o

    Les meir